onsdag 18. desember 2013

Jul utomhus

I dag har eg pynta litt i inngangspartiet , må ha litt jul der og. Granbar syns eg er flott til jul, litt kongler, lykter og julerose. Får håpe det får ligge i fred for vinden, må innrømme at eg hadde syns det hadde vore fint med litt snø no til jul.
Granbar , lykt gammel sinkbalje, krans og masse kongler

Kjekt å kunne ha blomster ute no på denne tid av året, kvit julerose

Julerose

Ein gammel kjelke frå den tid mann min var liten , godt brukt. Denne sinkbaljen som du ser her, liten og rund, brukte foreldra mine til å vaske oppi når eg var lita, litt rart å tenke på, den er ikkje stor og vi var mange heime, 7 stykker. Hadde vi klart oss med det i dag?

Då ynskjer eg alle ei fortsatt god førjulstid , det er nokre dagar att enda.

onsdag 11. desember 2013

Førjulskos i Sjeive Sting

I går kveld hadde vi førjulskos i Sjeive Sting . Solveig hadde dekka eit flott bord med pynt fra naturen , kongler, stjerner av bark, kvite roser og masse lys. Kjempekoselig og flott: :-)

Ein kjekk og koselig kveld med god prat og god mat, kan det bli betre ? Svaret er nei! 
Nydelig dekka og pynta bord

Eg falt heilt for desse to som pryda serviettane 

Pynt frå naturen er alltid fint

Kvitløk og chilimarinert scampi er fast mat når Sjeive Sting skal kose seg, og det er kjempegodt

Lys lys rosa rose pynta bordet ilag med kongler 

Foccacia høyre til når  det står scampi på menyen

Ein god grønn salat

God heimelaga guccamole er og eit must til scampi

Eplemost frå Askim var nydeleg

Takk til gode venner for ein kjempekoselig kveld og ei ekstra takk til vertinna

Ha fortsatt ei god adventstid!