lørdag 5. april 2014

Modeller

Den siste veka har eg sydd tre modellar til butikken Frøken-Fryd AS . I tillegg til å jobbe litt har det vore travle dagar. Vi skal vere med på Quiltetreffet på Nordfjordeid på søndag så da må man jo ha litt forskjellig med. Det er snart påske og da var det naturlig med litt høner i ulike varianter. Mønstera som er brukte er Northernquilts  sine, vi selge dei i butikken. Likar godt streken og mønstera til Wenche W Hatling. Vi har brukt våre egne stoff og fargar.
Dette er vinhøna  Vinni klukk - klukk. Her er det plass til ein 3 liters kartong med vin i, tappekrana er under egget. 

Påska er like rundt hjørne og egg på frukostbordet er der vel i dei fleste heimar på den tida. Denne flotte Egghøna er klar til å holde egga varme. 

Quilting på gang

Broderiveska Vintersøm tar form

Her er veska ferdig. Blei veldig fornøyd med fargevalget. Veska er romsleg og god til sytøyet, har lomme utanpå bak broderiet. 

Dette er baksida av veska.  Ei kjekk veske å sy, følge du mønsterbeskrivelsen  går det veldig greit.

Takk til Wenche som lagar så flotte mønster.

Då ynskjer eg alle som er innom ei god kreativ helg!