søndag 31. august 2014

Teppe i rekordfart.......

Torsdag midt på dagen blei eg spurt om eg hadde noko som kunne passe til ei felles venninne som skulle flytte og vi skulle ha fest for ho, men det hadde eg ikkje så eg foreslo at eg kunne sy eit heilt enkelt slumreteppe. Det skulle vere ferdig til lørdag kveld då festen var. Det var berre å starte, stoffa hadde eg så slik sett var det greit....... det blei vaska, stroke og skjært....... lagt utover.... sydd og stroke igjen......
Slik blei det då..........
Så vart det valgt fleece til bakstykke, litt for letthetsskyld men det er jo varmt og godt og da.

Her er det quilting på gang. Quilta i sømrommet og ein trykkfotsbredde på kvar side. Liker egentlig den quiltinga

Måtte og fram med gamle maskina for den nye kolapsa  oppi alt sammen , men det gikk greit tilslutt

Her er lukkekanten ferdig sydd og teppe er ferdig

Måtte ut på dei mosegrodde berga og ta bilde

Teppe blei veldig godt motteke av mottakaren så dette blir nok mykje brukt.
Alle vi som var der skreiv navna våre  og ei helsing på teppe, brukte tekstilpenn. Ein god ide syns eg.

Ynskje alle ei kreativ og god ny veke!
Takk for at du ser innopm


mandag 25. august 2014

Babypose

Dattera mi ønskte seg babypose med strikka yttertrekk. Ho fikk tanta si til å strikke det som skulle strikkast og syinga var det eg som skulle gjere. Ein ting er å sy når man har eit mønster men det hadde eg ikkje så det har vore litt sån at det har blitt til etter som man går. men no er posen klar  og  ho er fornøyd med den.
Klar til bruk

Foret er i cordfløyel og fyllet er ei oppklipt dundyne så den er varm og god til vinteren. Der er glidelåser i foret sån at ein kan ta ut fyllet ved vasking. 

Her måtte både brukes sikkerhetsnåler og tråkletråd for å få glidelåsene i uten at det drog seg for mykje. 

Den er strikka i Merino Extra fine mix 100% ull frå Drops.

Ynskjer alle som er innom ei god kreativ veke.

tirsdag 19. august 2014

Sommaren 2014

Hei, eg er her enno. No vil eg vise ein del bilder frå sommaren i år som vi
 tilbrakte på hytta i Barekstad, vi var der i nesten 4 veker, berre heilt fantastisk i det flotte været .  
Vi tilbrakte ein god del timar på sjøen, enten bare for å loffe rundt og gjere ingenting eller fiske og dra krabbeteiner. Her følgjer ein del bilder frå sommaren 2014
Dette er utsikt frå hytta. Berre heilt fantastisk.

Ein av dei flotte solnedgangane i sommar, her har vi nok vore og fiska sidan måsen følgjer med .

Nydeleg sommarkveld på sjøen. 

Dette rosetreet blei planta av tante Gudrun som var tante av mannen min for minst 50 år sidan
. Kjempeflott og dufter heilt nydelig.

Jordbærplukking vart det og sjølv om myggen beit noko voldsomt. Desse bæra er plukka nord på øya , i Hovdetre, hos svoger og svigerinne. Kjempegode bær. 


I år måtte symaskina vere med på hytta og dette er litt av det ho blei brukt til. Teppe er sydd av damene i Sjeive Sting og eg har quilta det. Teppe skal vere gevinst på Vestlandstreffet. som i åt skal vere i
 Florø 10 - 12 oktober. 
 

Solnedgang. Bilde er tatt vest om Hovden

Teiner blei sette og krabber blei kokt. Bra med mat i den og det smakte fortreffelig. 

Krabbeklør

Eit lite glimt frå stova i hytta.
Hytta er eit gammalt hus som vi har overteke etter ein onkel av mannen min, deler av huset er frå  1800 tallet men det blei påbygt rundt 1950 og då vart det sett inn store vindu som vi dag held på å skifte ut til slike som var frå gamalt av.
Mykje arbeid men kjekt. Godt å ha ein snikkar til mann då.

Solnedgang sett frå Hovdevåg, lengst nord på øya
Vakkert spør du meg 

Enda ein solnedgang. Eg syns berre det er heilt fantastisk så flott vi har det her på Vestlandet.

Dette var nokre glimt fra sommaren på hytta. Ein fantastisk flott sommer.

Ha ei fortsatt god veke.