onsdag 11. februar 2015

Ein smak av vår..........

Har hat nokre kosestunder på syrommet i det siste.........når Quiltemagasinet kom sist likte eg umiddelbart løperen til AnnAKa med fugler på, fikk liksom vårfølelse med eingang, sjølv om det var jula som stod for døra.
Her er min variant av den 
Quiltinga har starta

Vårfarger

Blei veldig førnøgd med fargevalet, lyst og lekkert syns eg 

Er glad i desse sarte fine fargane

Ha fortsatt ei god og kreativ veke

fredag 6. februar 2015

Strikkevesker

Det har blitt ein del kos på syrommet dei siste dagane :-) eg har laga strikkevesker til jentene mine :-) dei er begynt å strikke og hekle ein del i det siste så då  har eg tenkt at desse plastposane 
må vi få vekk, det kan dei ikkje gå rundt med lenger.
No har dei fått kvar si store og gode veske til strikketøyet eller hekletøyet sitt + ei mappe med alt som trengs av tilbehør som pinnemåler, maskemarkører, maskeholder, heklenål osv. Håper dei vil bli flittig brukte. Ein får jo aldri nok av slike vesker til diverse handarbeid så kanskje eg må sy
 ei mindre og til litt mindre arbeid, vi får sjå....

Eg har valgt å sy dei i lin med ein tynn vatt og for. 

Frihåndsquilta og applikerte

Mappe til diverse som er kjekt å ha for hånda når ein strikkar eller hekler

Dette er Kjersti si veske og mappe
Både veskene og mappene er eigen design

Dette er Kari si veske og mappe

Syns slike mapper som ein kan åpne midt på er veldig grei å finne fram i. 

Sauene er det ei god venninne av meg som har teikna til meg i mange variantar, vi får sjå
kva det neste blir som skal få sauer på seg. Koselige dyr.

Takk for at du ser innom og det er alltid koselig med kommentara :-)
Takk for kommentara på dei forrige innlegga.

Ha ei god kreativ helg!

Klem 

søndag 1. februar 2015

Knapper, knapper .................

Etter inspirasjon  frå boka Lapper i rødt og hvitt av Gerd Gellein Merkesdal har eg lett etter
 knapper og stoff som passa i sammen.......men   
hadde jo ikkje akkurat tenkt å sy 10 slike små vesker/penal då men så fikk eg besøk på syrommet av eldste dattera. Ho tømte knappeboksane på jakt etter røde, blå, kvite knapper....
 .....ja alle slags farger og etter at knappane blei funne var det i skapet etter stoff som passa...........så når ho gikk igjen låg der mange knapper og stoff som passa ilag og eg sydde til alt var ferdig, var igrunnen ein kjekk liten sak å sy... 

Det starta med den som ligg i midten her. Det guke stoffet med lilla blomster på er kjøpt på butikken Hjertefryd i Florø.
eit tynt lekkert stoff kanskje ikkje beregna til lappeteknikk men det gikk fint til dette iallefall 
Dette er og eit slikt tynt lekkert stoff frå Hjertefryd i lag med lin og kvite og blanke knapper
Her har eg brukt blåturkis lin sammen med to bommullsstoff. Brunoransje knapper fordi der er litt oransj
 i bommullsstoffet på den eine. 

Var ute på bergknausane i sola og fotograferte idag. 

Her er alle ti, godt å ha i skapet til å gi bort i forskjellige anledninger.
Var veldig kjekt å sy dei. Alle er fora og har platevatt som mellomlegg.

Takk for at du ser innom !
Ha ei god kreativ veke!