Er ikkje blitt heilt fortrolig med dette enda så det blir lenge mellom kvar gong eg er her men får håpe det kjem seg etterkvart.
 |
Inspirert av Lilladør har eg funne fram stoffpakke kjøpt på kurs med Kari for to år sidan og sydd denne flotte snømannen. Det er so kjekt å sy snømenn, dei er so sjarmerande syns eg. Dette er virkelig kos på syrommet. |
 |
Her har han fått ski med seg , kanskje han har tenkt seg på skitur om været tillet det. Ski utstyr kan du få kjøpt på Frøken Fryd i Florø. |
 |
Eg har juksa litt med dompappane, skal jo helst vere laga av ull men eg har brukt fuglar i keramikk. |
 |
Smil til verden og verden smile til deg. |
Å sy snømenn er berre utrolig kjekt. Pyntinga er jo det som er det aller kjekkaste, då kjem jo personligheita fram.
Ynskjer alle ei fortsatt god og kreativ veke!