onsdag 18. desember 2013

Jul utomhus

I dag har eg pynta litt i inngangspartiet , må ha litt jul der og. Granbar syns eg er flott til jul, litt kongler, lykter og julerose. Får håpe det får ligge i fred for vinden, må innrømme at eg hadde syns det hadde vore fint med litt snø no til jul.
Granbar , lykt gammel sinkbalje, krans og masse kongler

Kjekt å kunne ha blomster ute no på denne tid av året, kvit julerose

Julerose

Ein gammel kjelke frå den tid mann min var liten , godt brukt. Denne sinkbaljen som du ser her, liten og rund, brukte foreldra mine til å vaske oppi når eg var lita, litt rart å tenke på, den er ikkje stor og vi var mange heime, 7 stykker. Hadde vi klart oss med det i dag?

Då ynskjer eg alle ei fortsatt god førjulstid , det er nokre dagar att enda.

1 kommentar:

  1. Så nydeligt Laila. Her var det mange fine detaljer. Enig med deg at det hadde vert jillt med litt snø:)

    SvarSlett