mandag 31. mars 2014

Litt sying og litt vårtegn

Våren er ei fin tid, det spire og gror i beda, ein kan nesten sjå forskjell frå dag til dag, det er vidunderleg. 
Men innimellom må ein sy litt og. Fikk bestilling på ei veske til å ha strikketøyet i av ei venninne i haust eingang og no endeleg har eg fått den ferdig. Den har lege lenge oppi hovudet og godgjordt seg men no er den sydd og  overlevert og eg trur ho blei fornøgd. Ho var lei av plastposer til strikketøyet sitt. 
Eg er ingen god fotograf så det er ikkje akkurat gode bilder men slik blei det. 

Perleblomster og påskeliljer ved døra

Slik blei strikkeveska, den skulle vere stor og god og den skulle kunne bærast på skuldra. den er sydd i lin og bommullstoff. Broderiet er brodert på lin.

Nærbilde av broderiet, gratismønster på nettet

Dette og var gratismønster på nettet

Dette er to poseposer som eg har sydd på bestilling.

Takk for at du såg innom, legg gjerne igjen ein kommentar.
Ha ei god kreativ veke!


3 kommentarer:

  1. Produktiv som vanleg:). Takk for jille og inspirende søndagskveld. klem

    SvarSlett
  2. Stilig strikkeveske. Blir nok en favoritt.

    SvarSlett
  3. Så flott, den blir hun nok fornøyd med!

    SvarSlett