søndag 9. mars 2014

VÅR

Våren kjem i  full fart ute i hagen, det sprier og gror overalt. Vårlyngen har blomstra sidan lenge før jul faktisk. 

Julerosa er ein nydelig blomst. Kjekt med noke som og blomstrar om vinteren

Har dei siste vekene sydd påskeløpar og sommerløpar til butikken Frøken Fryd i Florø. Det er eigar av butikken, Kari B Aune som har designa dei begge to. Vi har og utarbeidd  mønster til begge to, det vil vere for salg i butikken eventuelt saman med  stoffpakke som inneheld alt ein treng for å sy toppen av løparen. 

Friske vårfargar

Applikert påskelilje

Sommeren er ikkje langt unna den heller men denne kan jo brukast både til våren , ved påske og til sommeren, nett som Kinderegget, tre i en.
Friske fargar


Frihåndsquilta

Den er og frihåndsapplikert . Er veldig glad i å kunne bruke stoppefoten både til quilting og applikering, syns det gir eit fint og røft uttrykk.
Da ynskjer eg alle som er innom ei flott kreativ veke

Klem frå meg.

3 kommentarer:

  1. Kjempefine begge to. Men eg likte allerbest den siste. Nydelige farger og fint design.������.klem

    SvarSlett
  2. Friske og flotte løpere. Er det ikkje rart kor opptatt ein kan bli av å sjå etter vårtegn på denne årstida :)

    SvarSlett
  3. Flotte løparar, de er flinke :-)

    Åshild

    SvarSlett