tirsdag 19. august 2014

Sommaren 2014

Hei, eg er her enno. No vil eg vise ein del bilder frå sommaren i år som vi
 tilbrakte på hytta i Barekstad, vi var der i nesten 4 veker, berre heilt fantastisk i det flotte været .  
Vi tilbrakte ein god del timar på sjøen, enten bare for å loffe rundt og gjere ingenting eller fiske og dra krabbeteiner. Her følgjer ein del bilder frå sommaren 2014
Dette er utsikt frå hytta. Berre heilt fantastisk.

Ein av dei flotte solnedgangane i sommar, her har vi nok vore og fiska sidan måsen følgjer med .

Nydeleg sommarkveld på sjøen. 

Dette rosetreet blei planta av tante Gudrun som var tante av mannen min for minst 50 år sidan
. Kjempeflott og dufter heilt nydelig.

Jordbærplukking vart det og sjølv om myggen beit noko voldsomt. Desse bæra er plukka nord på øya , i Hovdetre, hos svoger og svigerinne. Kjempegode bær. 


I år måtte symaskina vere med på hytta og dette er litt av det ho blei brukt til. Teppe er sydd av damene i Sjeive Sting og eg har quilta det. Teppe skal vere gevinst på Vestlandstreffet. som i åt skal vere i
 Florø 10 - 12 oktober. 
 

Solnedgang. Bilde er tatt vest om Hovden

Teiner blei sette og krabber blei kokt. Bra med mat i den og det smakte fortreffelig. 

Krabbeklør

Eit lite glimt frå stova i hytta.
Hytta er eit gammalt hus som vi har overteke etter ein onkel av mannen min, deler av huset er frå  1800 tallet men det blei påbygt rundt 1950 og då vart det sett inn store vindu som vi dag held på å skifte ut til slike som var frå gamalt av.
Mykje arbeid men kjekt. Godt å ha ein snikkar til mann då.

Solnedgang sett frå Hovdevåg, lengst nord på øya
Vakkert spør du meg 

Enda ein solnedgang. Eg syns berre det er heilt fantastisk så flott vi har det her på Vestlandet.

Dette var nokre glimt fra sommaren på hytta. Ein fantastisk flott sommer.

Ha ei fortsatt god veke.

1 kommentar:

  1. Fantastisk flotte bilde frå ein fin plass. Takk for at vi fekk ta turen ut å besøke dokke. Kjekt at du er tilbake i "bloggverden". Håper på meir her

    SvarSlett