onsdag 31. desember 2014

Romjulssying....

Jula er over.....det har vore ei lang og god romjul med litt kos på syrommet :-) Her kjem nokre bilder av det eg har holdt på med no dei siste dagane...... måtte og ta med bilde av ei strikkeveske eg sydde og gav vekk til jul.
Dette er ei veske til strikketøyet så ein slepp å ha det i plastposen :-) Denne gav eg vekk til jul

Her er enda ei, den sydde eg i går, skulle vore ferdig til jul men ho som skulle få den kan få den no etterpå....
Begge veskene er sydde i lin med applikasjon

Bæ bæ lille lam.............

Babyteppe til ein liten kar som snart kjemtil verda :-) her var eg ute i snørestane og tok  bilde
Dette er og romjulsarbeid

Er glad i desse fargane og håpar at dei som får det også er det.
Sydde og ei lita veske som passer til, er no alltid noko som skal vere med når ein skal ut på tur med babyar.

Dette  er det som eg har holdt på med i romjula + at eg har strikka litt innimellom. Det skal eg komme tilbake til
når det er ferdig

Med denne vakre rosa, det er regndropar som har frose på den, vil eg ynskje alle eit Godt Nytt År :-)
Håpar på mange kreative stunder i 2015.

Takk for at du ser innom og det er alltid kjekt om du legg att ein kommentar.

5 kommentarer:

  1. Så fine strikkevesker du har sydd :)! Nydelige vinter og guttfarga i teppe. Godt nyttår og takk for alle gode stunder i 2014!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Kari ! Godt nyttår til deg og takk for mange gode og kjekke stunder i 2014 og eg håpar på mange i 2015 :-)

      Slett
  2. Strikkeveske er kjempeflott gåve! Og det er jammen teppet og veska til også! Triveleg å både gi og få heimlaga gåver! Denne rosa var berre praktfull!! Riktig godt nytt år til deg!

    SvarSlett
  3. Tøffe og kjekke strikkevesker du har laget. Riktig godt nytt år!

    SvarSlett