tirsdag 13. januar 2015

Kos med symaskina og strikkepinnane :-)

Har tenkt at i år må eg klare å få lagt inn her det eg styrer med :-) syrommet har vore flittig i bruk etter nyttår og det har vore litt tid og til andre ting . Fikk ei flott julegave av ei god venninne.
Dette flotte nettet fikk eg  til jul, det er laga i flanell med for inni :-) veldig kjekt å få noko ferdig
og av og til :-)
 oppi var der blant anna to nøster
 med garn + mønster på pulsvarmara. Takk for gåva  

Her er det første paret ferdig. Veldig kjekt og lett mønster for ei som ikkje er så
veldig vant med strikkepinnane enda.

Ei flott nyttårsgave har eg og fått....minimini julekule..... gle meg til å bruke desse til forskjellig pynt på f.eks snømenn,
 nissar og ja, kanskje pakkane til jul neste år, det er vel berre fantasien som set grenser.

Har og fått vore på syrommet eindel. Fikk bestilling på ei gardinkappe. Sydde ei kappe  for nokre år sidan men no trengte dei ei til. Utfordringa var å finne same stoffene og fargane slik at kappene vart like, men klarte det etter litt jakt.
 Det er godt å ha mange gode quiltevenner. 

Her er quiltinga igang. Eg har brukt skyggequilting rundt blomstrane
og ellers i saumane og linjer ein halv fot  utom,

Fargane kjem dårlig fram men det er kvit, svart, bleik lilla og litt mønstrete bakgrunn i kvit, lilla og grå bak blomstrane.
Mønsteret som er brukt er Mageritter av AnnaKa. Utgangspunktet var ein løpar. 

Her ser du begge kappane. Har sydd opphengskanal bak til å tre gardinstanga i. Det er brukt vanlig
 platevatt så dei heng ganske fint på stanga. 

Eit lite bilde tilslutt av hagen. Veldig kjekt å ha noko som blmstrar på denne tid av året og
Helleborus - julerose.

Ynskjer deg ei god veke fortsatt.
Takk for at du ser innom  

1 kommentar:

  1. Her er det mykje fin inspirasjon. Dei gardinkappene er kjempe fine. Likt godt nettet du fekk og. Ha ei fin kreativ veke forsatt.

    SvarSlett