tirsdag 21. juli 2015

Sommersøm

Lenge sidan eg har vore her no, men etter oppfordring av ei goe venninne så tenkte eg at eg kunne legge ut noke av det eg har sydd i sommar, Sommaren har no ikkje vore så veldig fine så det har vore godt å ha syrommet der ein gløyme litt det som er utanfor for når ein syr så er liksom alt kjekt ja kanskje sola skin litt og der.....


Har sydd mange  slike små sminkepunger, det er eit mønster frå Bente Malm. Veldig lette og kjekke å sy.

Går litt i svart og kvitt som du ser. Dette rose stoffet har eg hatt liggande lenge og lurt litt på kva eg skulle bruke det til.
Dette er ei stor og god veske til f.eks handarbeid  og dei små er greie til alle de småtinga ein treng ved sia av. 

Ein sommarleg løpar til kjøkkenet. Inspirasjonen til denne er henta frå heimesida til Anne Beier Finnestad, Stoppefoten. Stoffa er og kjøpt hos ho. Denne er quilta med  stoppefoten tett i tett på langs. 

Så måtte eg jo ha ei brikke til bordet og kjøkkendisken pluss eit par gryteklutar. 

Pelargonia er nydelige blomster. Dette er "Dronning Ingrid" Likar denne sarte rosa fargen. Har fått dei igjen i fleire år, står på hytta desse i eit nordvindu så dei får berre litt kveldssol.
Syns og denne sarte rosa valmuen var lekker, men desverre med alt dette regnet så varte den ikkje så lenge, då er det godt med eit bilde


Så kom eg plutselig i litt julemodus....... broderiene til denne har lagt nokre år ferdig broderte så det var godt å få ein ufo ferdig. Mønsteret til denne stod i Quiltemagasinet for nokre år sia og er designa av AnnAKa . 

Litt meir jul med det same, dette er eit mønster frå Hatched and  Patched. Eg er glad i å brodere innimellom alt anna.

Ynskjer alle ein fortsatt god sommar!

Takk for at du ser innom

Klem Hjertegleder

1 kommentar:

  1. Så fine og kjekke ting du har sydd! Det er godt å ha ein hobby når sola streikar. Og no går vi mot jul, så det er godt å vere litt i førkant;)

    SvarSlett