torsdag 29. januar 2015

KRABBETEPPE/SLUMRETEPPE

Då har eg sydd krabbeteppe til veslegullet som snart er 5 mnd :-) Har sydd det i slumreteppe størrelse så kan ho bruke det leeeeenge :-) 
Det enkle er ofte det beste sies det i Rema reklamen og den har eg følgt, firkanter på 14 x 14 cm, sydd dei ihop og quilta med rettsøm frå hjørne til hjørne, enkelt og greit. Har brukt bommulsvatt inni og bommullsstoff på baksida. 
ferdig kutta og så vitt begynt å sy

ferdig sammensydd og skal leggast sammen med vatt og bakstykke

Sola kom fram i dag så eg tok det med ut på rullesteinane og tok bilde 

Her ligg det oppå rhodendroen

Takk for at du ser innom :-)
Ha ei god kreativ helg

Klem frå meg!

tirsdag 13. januar 2015

Kos med symaskina og strikkepinnane :-)

Har tenkt at i år må eg klare å få lagt inn her det eg styrer med :-) syrommet har vore flittig i bruk etter nyttår og det har vore litt tid og til andre ting . Fikk ei flott julegave av ei god venninne.
Dette flotte nettet fikk eg  til jul, det er laga i flanell med for inni :-) veldig kjekt å få noko ferdig
og av og til :-)
 oppi var der blant anna to nøster
 med garn + mønster på pulsvarmara. Takk for gåva  

Her er det første paret ferdig. Veldig kjekt og lett mønster for ei som ikkje er så
veldig vant med strikkepinnane enda.

Ei flott nyttårsgave har eg og fått....minimini julekule..... gle meg til å bruke desse til forskjellig pynt på f.eks snømenn,
 nissar og ja, kanskje pakkane til jul neste år, det er vel berre fantasien som set grenser.

Har og fått vore på syrommet eindel. Fikk bestilling på ei gardinkappe. Sydde ei kappe  for nokre år sidan men no trengte dei ei til. Utfordringa var å finne same stoffene og fargane slik at kappene vart like, men klarte det etter litt jakt.
 Det er godt å ha mange gode quiltevenner. 

Her er quiltinga igang. Eg har brukt skyggequilting rundt blomstrane
og ellers i saumane og linjer ein halv fot  utom,

Fargane kjem dårlig fram men det er kvit, svart, bleik lilla og litt mønstrete bakgrunn i kvit, lilla og grå bak blomstrane.
Mønsteret som er brukt er Mageritter av AnnaKa. Utgangspunktet var ein løpar. 

Her ser du begge kappane. Har sydd opphengskanal bak til å tre gardinstanga i. Det er brukt vanlig
 platevatt så dei heng ganske fint på stanga. 

Eit lite bilde tilslutt av hagen. Veldig kjekt å ha noko som blmstrar på denne tid av året og
Helleborus - julerose.

Ynskjer deg ei god veke fortsatt.
Takk for at du ser innom  

onsdag 31. desember 2014

Romjulssying....

Jula er over.....det har vore ei lang og god romjul med litt kos på syrommet :-) Her kjem nokre bilder av det eg har holdt på med no dei siste dagane...... måtte og ta med bilde av ei strikkeveske eg sydde og gav vekk til jul.
Dette er ei veske til strikketøyet så ein slepp å ha det i plastposen :-) Denne gav eg vekk til jul

Her er enda ei, den sydde eg i går, skulle vore ferdig til jul men ho som skulle få den kan få den no etterpå....
Begge veskene er sydde i lin med applikasjon

Bæ bæ lille lam.............

Babyteppe til ein liten kar som snart kjemtil verda :-) her var eg ute i snørestane og tok  bilde
Dette er og romjulsarbeid

Er glad i desse fargane og håpar at dei som får det også er det.
Sydde og ei lita veske som passer til, er no alltid noko som skal vere med når ein skal ut på tur med babyar.

Dette  er det som eg har holdt på med i romjula + at eg har strikka litt innimellom. Det skal eg komme tilbake til
når det er ferdig

Med denne vakre rosa, det er regndropar som har frose på den, vil eg ynskje alle eit Godt Nytt År :-)
Håpar på mange kreative stunder i 2015.

Takk for at du ser innom og det er alltid kjekt om du legg att ein kommentar.

mandag 8. desember 2014

Julepynta inngangsparti .........

Då har eg pynta inngangspartiet til advent og jul ...........

Blomstrane som eg planta i krukke tidlegare i haust var fortsatt veldig fine så dei har eg lete stå der men
har hatt oopi litt granbar og nokre svibler  :-)
Juletre med lys måtte vi jo ha, det er sikka gran, litt skeivt og skakt men det er jo berre fint syns eg då. Har brukt eit gammalt sink bosspann til fot på treet

Her har to svibler fått plass i lag med eføyen + litt granbar og kongler

Med litt mose og lekrekongler blir det litt jul

Har laga nokre moseballar  som eg har lagt på trappa inntil pottene

Denne moseballen har eg fått av ei god venninne, Lilla Dør. Den har ho laga og pynta så fint med perler, litt lyng og kvister.
Kjempefin:-) Tusen takk :-)

Moseballer og kongler med litt rødt er fint til jul

Julerose, skimmia med litt granbar og kongler er jul. Krans laga av ørkenball.

Dekorert  spade, måtte berre ha den når eg fant den på Jernia

Juletreet er pynta med to enkle røde hjerter laga i tre.

Då vil eg ynskje alle ei fortsatt god adventstid


mandag 24. november 2014

Dåpskjole til Lovisa

Endelig er eg ferdig...... 
Starta i vår eingong og brukte mykje av den flotte sommeren til å hekle.... er igrunnen glad i å hekle...
akkurat det arbeidet har vore ferdig ei stund men no har eg fått montert og sett i for...... dåpen er på søndag så eg rakk det med god margin
Lovisa er vårt første barnebarn men håpar at mange fleire kjem til å bruke denne kjolen etterkvart......ja kanskje inn i neste generasjon og......
Heklemønsteret har stått i Familien for mange år tilbake

Håper den passer og blir bra

Lue må man også ha

Da håper vi på ein flott dåpsdag for veslegullet vårt.

Ha ei god kreativ veke 

søndag 26. oktober 2014

Se min kjole den er .........

Ja den er ikkje kvit som snøen men lys lys gul er den ..... har sydd kjole til veslegullet Lovisa, på tirsdag er ho 8 veker, ei herlig lita jenta. :-)
Lenge sidan eg har sydd kle no men det var igrunnen kjekt, så kanskje det vert fleire kjolar etterkvart....
Her er eg så vidt begynnt å sy, den ser den nesten kvit ut men det er  lyset som
 ikkje gjer den rette fargen.

Den var rask og lett å sy, bærestykke er for i men ellers er den uten for, har sett på ei blonde ned.

Måtte jo ha litt pynt på den

Fine knapper 

Mønsteret er frå Minikrea. stoffet som er brukt er vaska lin, mjukt og fint...... alt er kjøpt hos
Hjertefryd AS

Ha ein god søndag

lørdag 18. oktober 2014

Haust.............


Gresskarproduksjon
Det starta med denne som eg fikk av ei god vennine  :-)  LillaDør .....eg skulle hekle gresskar, Oppskrift følgde med. Det var igrunnen eit kjekt arbeid og det vart fin pynt på bordet
Takker LillaDør for utfordringa

Her er pakken eg fikk




Som stilk brukte eg kanelstenger og litt rusta streng som pynt



Her er dei ute på rullesteinane

Igrunnen veldig fine og dei var enkle og lage

Fikk nesten litt julkestemning når eg la dei oppi vårlyngen

Passa godt i fargen til løparen på bordet

Måtte berre ta med eit bilde av dei 30 rosene eg fikk av eldste dattera med familie i forgårs, dei var berre så fine. Takk til dei .
Då vil eg berre sei god helg til alle som titter innom, kjekt om du legg igjen ein liten kommentar, det varmar det.

Klem frå meg