onsdag 18. desember 2013

Jul utomhus

I dag har eg pynta litt i inngangspartiet , må ha litt jul der og. Granbar syns eg er flott til jul, litt kongler, lykter og julerose. Får håpe det får ligge i fred for vinden, må innrømme at eg hadde syns det hadde vore fint med litt snø no til jul.
Granbar , lykt gammel sinkbalje, krans og masse kongler

Kjekt å kunne ha blomster ute no på denne tid av året, kvit julerose

Julerose

Ein gammel kjelke frå den tid mann min var liten , godt brukt. Denne sinkbaljen som du ser her, liten og rund, brukte foreldra mine til å vaske oppi når eg var lita, litt rart å tenke på, den er ikkje stor og vi var mange heime, 7 stykker. Hadde vi klart oss med det i dag?

Då ynskjer eg alle ei fortsatt god førjulstid , det er nokre dagar att enda.

onsdag 11. desember 2013

Førjulskos i Sjeive Sting

I går kveld hadde vi førjulskos i Sjeive Sting . Solveig hadde dekka eit flott bord med pynt fra naturen , kongler, stjerner av bark, kvite roser og masse lys. Kjempekoselig og flott: :-)

Ein kjekk og koselig kveld med god prat og god mat, kan det bli betre ? Svaret er nei! 
Nydelig dekka og pynta bord

Eg falt heilt for desse to som pryda serviettane 

Pynt frå naturen er alltid fint

Kvitløk og chilimarinert scampi er fast mat når Sjeive Sting skal kose seg, og det er kjempegodt

Lys lys rosa rose pynta bordet ilag med kongler 

Foccacia høyre til når  det står scampi på menyen

Ein god grønn salat

God heimelaga guccamole er og eit must til scampi

Eplemost frå Askim var nydeleg

Takk til gode venner for ein kjempekoselig kveld og ei ekstra takk til vertinna

Ha fortsatt ei god adventstid!

torsdag 28. november 2013

Snømann

Er ikkje blitt heilt fortrolig med dette enda så det blir lenge mellom kvar gong eg er her men får håpe det kjem seg etterkvart. 
Inspirert av Lilladør har eg funne fram stoffpakke kjøpt på kurs med Kari for to år sidan og sydd denne flotte snømannen. Det er so kjekt å sy snømenn, dei er so sjarmerande syns eg. Dette er virkelig kos på syrommet.

Her har han fått ski med seg , kanskje han har tenkt seg på skitur om været tillet det. Ski utstyr kan du få kjøpt på Frøken Fryd  i Florø. 

Eg har juksa litt med dompappane, skal jo helst vere laga av ull men eg har brukt fuglar i keramikk.

Smil til verden og verden smile til deg.

Å sy snømenn er berre utrolig kjekt. Pyntinga er jo det som er det aller kjekkaste, då kjem jo personligheita fram. 
Ynskjer alle ei fortsatt god og kreativ veke!

onsdag 25. september 2013

HELDIGE MEG

For nokre dagar sidan fikk eg mail frå www.lappetausa.blogspot.com  om at eg hadde vunne i giveaway lotteriet hennar og i går kom det i posten .................HELDIGE MEG

Flott boks og nydelige stoff
Nydelig boks til  oppbevaring av diverse på syrommet
Eg er jo veldig glad i blå stoff så dette var jo heilt perfekte farger til meg

fredag 20. september 2013

BRIKKE TIL KJØKKENBORDET

På  Nqf sitt årsmøte i vår kjøpte eg ein pakke med squares fra moda , 42 biter a 2.5", vart litt lite til ei brikke men klarte å få fatt i ein pakke til og her ser du resultatet . Ein frisk og god  fargeklatt til kjøkkenet. Ideen fikk eg fra Lilla Dør si brikke.
Marmalade var navnet på pakken 

søndag 15. september 2013

JULELØPER - 100 dager igjen til jul

Juleløperen er allerede ferdig - ute i god tid :-)

Ein veldig kjekk løper å sy, tar litt tid med sticheriet men det er no kjekt arbeid, greit å ta med i veska så ein har det om ein får ei ledig stund. Mønsteret er frå Hatched and Patched. 


mandag 25. mars 2013

Påske 2013

Må bare prøve meg litt, men kan med det same ønske god påske.