mandag 31. mars 2014

Litt sying og litt vårtegn

Våren er ei fin tid, det spire og gror i beda, ein kan nesten sjå forskjell frå dag til dag, det er vidunderleg. 
Men innimellom må ein sy litt og. Fikk bestilling på ei veske til å ha strikketøyet i av ei venninne i haust eingang og no endeleg har eg fått den ferdig. Den har lege lenge oppi hovudet og godgjordt seg men no er den sydd og  overlevert og eg trur ho blei fornøgd. Ho var lei av plastposer til strikketøyet sitt. 
Eg er ingen god fotograf så det er ikkje akkurat gode bilder men slik blei det. 

Perleblomster og påskeliljer ved døra

Slik blei strikkeveska, den skulle vere stor og god og den skulle kunne bærast på skuldra. den er sydd i lin og bommullstoff. Broderiet er brodert på lin.

Nærbilde av broderiet, gratismønster på nettet

Dette og var gratismønster på nettet

Dette er to poseposer som eg har sydd på bestilling.

Takk for at du såg innom, legg gjerne igjen ein kommentar.
Ha ei god kreativ veke!


fredag 21. mars 2014

Litt av kvart

I det siste har eg sydd litt av kvart. Nokre modeller til butikken Frøken Fryd og litt til meg sjølv. Det er
 vår og sommer vi går i møte og det bere preg av det. 
Eit litt meir romantisk alternativ til Sommarløparen i forrige innlegg Mønsteret her er det Kari Berge Aune - Frøken Fryd som har designa.

Nærbilde av applikasjonen. Har brukt stoppefoten til både quilting og applikering

Veit ikkje heilt kor mange bakeklede eg har sydd men det begynne å bli ganske mange etterkvart. Dette er eit mønster frå www.northernquilts.no. Likar det veldig godt.

Bake bake kake - rulle rulle bolle - ringle ringle kringle - og puff inn i oven!

Desse hønene til www.anne-beier-finnestad.com måtte eg berre ha. Er litt svak for slike litt crayzie høner. Denne og ei brikke til som eg holde på med skal få plass på mitt nyoppussa kjøkken som snart er klart.

Da ynskjer eg alle som er innom ei god kreativ helg.
Klem frå meg.

søndag 9. mars 2014

VÅR

Våren kjem i  full fart ute i hagen, det sprier og gror overalt. Vårlyngen har blomstra sidan lenge før jul faktisk. 

Julerosa er ein nydelig blomst. Kjekt med noke som og blomstrar om vinteren

Har dei siste vekene sydd påskeløpar og sommerløpar til butikken Frøken Fryd i Florø. Det er eigar av butikken, Kari B Aune som har designa dei begge to. Vi har og utarbeidd  mønster til begge to, det vil vere for salg i butikken eventuelt saman med  stoffpakke som inneheld alt ein treng for å sy toppen av løparen. 

Friske vårfargar

Applikert påskelilje

Sommeren er ikkje langt unna den heller men denne kan jo brukast både til våren , ved påske og til sommeren, nett som Kinderegget, tre i en.
Friske fargar


Frihåndsquilta

Den er og frihåndsapplikert . Er veldig glad i å kunne bruke stoppefoten både til quilting og applikering, syns det gir eit fint og røft uttrykk.
Da ynskjer eg alle som er innom ei flott kreativ veke

Klem frå meg.