søndag 26. april 2015

Sol ...hagl......regn....ja ganske så varierande dette været ...kunne igrunnen tenkt meg vår no med sol og litt varme,,,det hadde vore godt. :-)
Har dei siste vekene strikka litt, sydd litt, har visst vore litt varierande inneom hus også...
Her kjem litt bilder frå noke av det eg har holdt på med...
Fårelesta blir dei kalla. Mange år sia eg har strikka lesta men det gikk bra etter litt prøving og feiling., godt ein kan rekke opp og begynne på nytt så mange ganger ein vil...

Så er eg blitt ferdig med ein ufo frå strikkekorga. Ei sjerf i ull, Alpakka og i tillegg ein slik tynn mohair tråd. Dette har lege i mange år men no er det klart til vinteren igjen. godt og varmt. 

Nokre timar på syrommet har det blitt. Dette er ei veldig kjekk og enkel toalettveske eller sminkepung om du vil, rask å sy. Mønsteret er av AnnAKa, kom for ein del år sidan. 

Dette er den same i litt dusare farger. Perleblomster er fint.

På Quiltemøte for ein god månad sidan sydde vi Nålebrev, eg har sydd fire, stykker, to av dei er til døtrene mine,  kjekt å ha i strikkevesken dei fikk for ei tid tilbake. 

Life is what you make it
Ja slik er det, det er du sjølv som bestemme om du skal ha det kjekt eller sitte å kjede deg.
Ta deg ein tur på syrommet, finn strikketøyet eller hekletøyet og kos deg

Sing, and the world sing whith you

Litt hagearbeid har det og blitt innimellom hagle byene. Kjekkaste tida i hagen er våren syns eg-

Ha ei god kreativ veke du som titter innom.
Klem frå meg !

tirsdag 7. april 2015

PÅSKA 2015

Her kjem litt bilder frå påska som nett er over. Vi har vore på hytta vest i havgapet på øya Hovden. 
Plassen hytta ligg på er "Gjerdet" i Barekstad. Hytta er eit gammalt hus som treng opp pussing men denne påska har vi for det meste slappa av, med 8 stk og to hundar så et igrunnen det nok. Vi har gått mykje tur i flott turområde. Litt tid til handarbeid vart det og.
Dette er laurdag før palmesøndag. Fint vær, litt vind men det vart ein flott tur frå Hovdevåg til Kvanhovden fyr.  Det er ein del av Nordsjølæypa., ca 6 km tur/retur. Ein kjempetur i ein storslegen og flott natur. 

På vei mot Kvanhovden

Han såg ut på det bårute havet .......

Sjøbåra braut denne dagen men likevel ein forholdsvis stille dag for å vere der ute. Dette er teke rett ned frå fyret. 

Preget av tidens tann

Slik er mykje av fjellet der ute, Konglemorat. 

Været denne påska var veldig skiftande. Desse to bilda er frå same dag, Det øverste er frå morgenen men heldigvis så letta det og sola kom fram utpå dagen. 

Her kom og sola fram  litt når det gjekk mot kveld.

Litt handarbeid blei det tid til innimellom. Påskekyllingar som er strikka og tova
 Her sit dei ute i klungeren for fotografering

Likte godt desse. Mønsteret er kjøpt på Idestova på Bryne. Eg fikk ein pakke med alt innhold hos ei god venninne så då var det berre å strikke i vei. 

Kos med nyinnkjøpt bålpanne vart det fleire dagar i påska. Pølser og pinnebrød med grilla marsmeloves til dessert.

Her hadde den kreative vore på ferde og tegna på frukostegga. Koseligt. 

Vi gjekk som sagt mykje tura og her er vi på vei til Hovdetre for å besøke svoger og svigerinne, ein flott tur på ca 3 km ein veg. Godt å få bevegt seg litt i slike helgar. Det er jo eit ordtak som seier at det er ikkje dårligt vær bere dårlege klær så været sette ingen stoppar for å gå ut.

Ei kjempeflott påske er over for denne gang og vi ser fram til sommaren og fleire dagar på hytta.

Ha ei god kreativ veke.