onsdag 31. desember 2014

Romjulssying....

Jula er over.....det har vore ei lang og god romjul med litt kos på syrommet :-) Her kjem nokre bilder av det eg har holdt på med no dei siste dagane...... måtte og ta med bilde av ei strikkeveske eg sydde og gav vekk til jul.
Dette er ei veske til strikketøyet så ein slepp å ha det i plastposen :-) Denne gav eg vekk til jul

Her er enda ei, den sydde eg i går, skulle vore ferdig til jul men ho som skulle få den kan få den no etterpå....
Begge veskene er sydde i lin med applikasjon

Bæ bæ lille lam.............

Babyteppe til ein liten kar som snart kjemtil verda :-) her var eg ute i snørestane og tok  bilde
Dette er og romjulsarbeid

Er glad i desse fargane og håpar at dei som får det også er det.
Sydde og ei lita veske som passer til, er no alltid noko som skal vere med når ein skal ut på tur med babyar.

Dette  er det som eg har holdt på med i romjula + at eg har strikka litt innimellom. Det skal eg komme tilbake til
når det er ferdig

Med denne vakre rosa, det er regndropar som har frose på den, vil eg ynskje alle eit Godt Nytt År :-)
Håpar på mange kreative stunder i 2015.

Takk for at du ser innom og det er alltid kjekt om du legg att ein kommentar.

mandag 8. desember 2014

Julepynta inngangsparti .........

Då har eg pynta inngangspartiet til advent og jul ...........

Blomstrane som eg planta i krukke tidlegare i haust var fortsatt veldig fine så dei har eg lete stå der men
har hatt oopi litt granbar og nokre svibler  :-)
Juletre med lys måtte vi jo ha, det er sikka gran, litt skeivt og skakt men det er jo berre fint syns eg då. Har brukt eit gammalt sink bosspann til fot på treet

Her har to svibler fått plass i lag med eføyen + litt granbar og kongler

Med litt mose og lekrekongler blir det litt jul

Har laga nokre moseballar  som eg har lagt på trappa inntil pottene

Denne moseballen har eg fått av ei god venninne, Lilla Dør. Den har ho laga og pynta så fint med perler, litt lyng og kvister.
Kjempefin:-) Tusen takk :-)

Moseballer og kongler med litt rødt er fint til jul

Julerose, skimmia med litt granbar og kongler er jul. Krans laga av ørkenball.

Dekorert  spade, måtte berre ha den når eg fant den på Jernia

Juletreet er pynta med to enkle røde hjerter laga i tre.

Då vil eg ynskje alle ei fortsatt god adventstid