søndag 31. august 2014

Teppe i rekordfart.......

Torsdag midt på dagen blei eg spurt om eg hadde noko som kunne passe til ei felles venninne som skulle flytte og vi skulle ha fest for ho, men det hadde eg ikkje så eg foreslo at eg kunne sy eit heilt enkelt slumreteppe. Det skulle vere ferdig til lørdag kveld då festen var. Det var berre å starte, stoffa hadde eg så slik sett var det greit....... det blei vaska, stroke og skjært....... lagt utover.... sydd og stroke igjen......
Slik blei det då..........
Så vart det valgt fleece til bakstykke, litt for letthetsskyld men det er jo varmt og godt og da.

Her er det quilting på gang. Quilta i sømrommet og ein trykkfotsbredde på kvar side. Liker egentlig den quiltinga

Måtte og fram med gamle maskina for den nye kolapsa  oppi alt sammen , men det gikk greit tilslutt

Her er lukkekanten ferdig sydd og teppe er ferdig

Måtte ut på dei mosegrodde berga og ta bilde

Teppe blei veldig godt motteke av mottakaren så dette blir nok mykje brukt.
Alle vi som var der skreiv navna våre  og ei helsing på teppe, brukte tekstilpenn. Ein god ide syns eg.

Ynskje alle ei kreativ og god ny veke!
Takk for at du ser innopm


1 kommentar:

  1. Kjempefint teppe . Du er dyktig. Heldig den som fekk teppe. Ha ei goé veke. Blir nok ei spennande veke for dokke:) klem

    SvarSlett