tirsdag 7. april 2015

PÅSKA 2015

Her kjem litt bilder frå påska som nett er over. Vi har vore på hytta vest i havgapet på øya Hovden. 
Plassen hytta ligg på er "Gjerdet" i Barekstad. Hytta er eit gammalt hus som treng opp pussing men denne påska har vi for det meste slappa av, med 8 stk og to hundar så et igrunnen det nok. Vi har gått mykje tur i flott turområde. Litt tid til handarbeid vart det og.
Dette er laurdag før palmesøndag. Fint vær, litt vind men det vart ein flott tur frå Hovdevåg til Kvanhovden fyr.  Det er ein del av Nordsjølæypa., ca 6 km tur/retur. Ein kjempetur i ein storslegen og flott natur. 

På vei mot Kvanhovden

Han såg ut på det bårute havet .......

Sjøbåra braut denne dagen men likevel ein forholdsvis stille dag for å vere der ute. Dette er teke rett ned frå fyret. 

Preget av tidens tann

Slik er mykje av fjellet der ute, Konglemorat. 

Været denne påska var veldig skiftande. Desse to bilda er frå same dag, Det øverste er frå morgenen men heldigvis så letta det og sola kom fram utpå dagen. 

Her kom og sola fram  litt når det gjekk mot kveld.

Litt handarbeid blei det tid til innimellom. Påskekyllingar som er strikka og tova
 Her sit dei ute i klungeren for fotografering

Likte godt desse. Mønsteret er kjøpt på Idestova på Bryne. Eg fikk ein pakke med alt innhold hos ei god venninne så då var det berre å strikke i vei. 

Kos med nyinnkjøpt bålpanne vart det fleire dagar i påska. Pølser og pinnebrød med grilla marsmeloves til dessert.

Her hadde den kreative vore på ferde og tegna på frukostegga. Koseligt. 

Vi gjekk som sagt mykje tura og her er vi på vei til Hovdetre for å besøke svoger og svigerinne, ein flott tur på ca 3 km ein veg. Godt å få bevegt seg litt i slike helgar. Det er jo eit ordtak som seier at det er ikkje dårligt vær bere dårlege klær så været sette ingen stoppar for å gå ut.

Ei kjempeflott påske er over for denne gang og vi ser fram til sommaren og fleire dagar på hytta.

Ha ei god kreativ veke. 

1 kommentar:

  1. Fine bilder av ein flott plass. Jillt med bålpanne. Me kokte gule påskeegg og spidda pølse i Vika i helga på bålpanna....... fint liv :). Eg håper på ein tur til Kvanhovden fyr til sommeren. Klem

    SvarSlett