mandag 31. mars 2014

Litt sying og litt vårtegn

Våren er ei fin tid, det spire og gror i beda, ein kan nesten sjå forskjell frå dag til dag, det er vidunderleg. 
Men innimellom må ein sy litt og. Fikk bestilling på ei veske til å ha strikketøyet i av ei venninne i haust eingang og no endeleg har eg fått den ferdig. Den har lege lenge oppi hovudet og godgjordt seg men no er den sydd og  overlevert og eg trur ho blei fornøgd. Ho var lei av plastposer til strikketøyet sitt. 
Eg er ingen god fotograf så det er ikkje akkurat gode bilder men slik blei det. 

Perleblomster og påskeliljer ved døra

Slik blei strikkeveska, den skulle vere stor og god og den skulle kunne bærast på skuldra. den er sydd i lin og bommullstoff. Broderiet er brodert på lin.

Nærbilde av broderiet, gratismønster på nettet

Dette og var gratismønster på nettet

Dette er to poseposer som eg har sydd på bestilling.

Takk for at du såg innom, legg gjerne igjen ein kommentar.
Ha ei god kreativ veke!


fredag 21. mars 2014

Litt av kvart

I det siste har eg sydd litt av kvart. Nokre modeller til butikken Frøken Fryd og litt til meg sjølv. Det er
 vår og sommer vi går i møte og det bere preg av det. 
Eit litt meir romantisk alternativ til Sommarløparen i forrige innlegg Mønsteret her er det Kari Berge Aune - Frøken Fryd som har designa.

Nærbilde av applikasjonen. Har brukt stoppefoten til både quilting og applikering

Veit ikkje heilt kor mange bakeklede eg har sydd men det begynne å bli ganske mange etterkvart. Dette er eit mønster frå www.northernquilts.no. Likar det veldig godt.

Bake bake kake - rulle rulle bolle - ringle ringle kringle - og puff inn i oven!

Desse hønene til www.anne-beier-finnestad.com måtte eg berre ha. Er litt svak for slike litt crayzie høner. Denne og ei brikke til som eg holde på med skal få plass på mitt nyoppussa kjøkken som snart er klart.

Da ynskjer eg alle som er innom ei god kreativ helg.
Klem frå meg.

søndag 9. mars 2014

VÅR

Våren kjem i  full fart ute i hagen, det sprier og gror overalt. Vårlyngen har blomstra sidan lenge før jul faktisk. 

Julerosa er ein nydelig blomst. Kjekt med noke som og blomstrar om vinteren

Har dei siste vekene sydd påskeløpar og sommerløpar til butikken Frøken Fryd i Florø. Det er eigar av butikken, Kari B Aune som har designa dei begge to. Vi har og utarbeidd  mønster til begge to, det vil vere for salg i butikken eventuelt saman med  stoffpakke som inneheld alt ein treng for å sy toppen av løparen. 

Friske vårfargar

Applikert påskelilje

Sommeren er ikkje langt unna den heller men denne kan jo brukast både til våren , ved påske og til sommeren, nett som Kinderegget, tre i en.
Friske fargar


Frihåndsquilta

Den er og frihåndsapplikert . Er veldig glad i å kunne bruke stoppefoten både til quilting og applikering, syns det gir eit fint og røft uttrykk.
Da ynskjer eg alle som er innom ei flott kreativ veke

Klem frå meg.

tirsdag 18. februar 2014

Teppe

Prosjektet er ferdig, Marihøne teppe. Mønsteret som er brukt er www,northernquilts.no sitt. Eit kjekt teppe å sy, mykje broderi men det er jo koselig å holde på med foran Tv og ellers. Lett å ta med. Eg syns streken til Wenche Wolf Hatling er kjempekoselig.
Første blokka er ferdig. 

Timeglass blokk

Mønsteret er "Marihøne på sju språk" fra Northernquilts

Koste meg med denne broderinga

Den er bare herlig streken til Wenche

Quiltinga er starta. Broderiblokkene blei frihåndsquilta

Frihåndsquilting

Ferdig teppe, ca 100 x 140

Eg har ikkje følgt mønsteret heilt denne gangen heller, Heile teppe skulle frihåndsquiltast men eg gjorde ikkje det som du ser.  Teppe er no komt på plass i butikken Frøken Fryd som modell. Stoffpakker er lagd så skulle du ha lyst å sy det så er pakkene klare.
Takk for at du såg innom, legg gjerne igjen ein kommentar, det gjer godt.
Ha ei fortsatt kreativ veke











www.northernquilts.no

fredag 31. januar 2014

Sying i januar

Januar har gått med til sying av modeller til mønster og ting for salg på butikken Frøken Fryd. Alle stoffene som er brukt i syinga er frå butikken. Det har vore mange kjekke timer på syrommet og i sofakroken med broderiet.

To uglepunger/vesker.

Vi selger mønster frå Northern Quilts og dette er ein modell til mønster Valentinshjerte, designa av Wenche Wolf Hatling.
Akkurat denne er sydd i heilt stoff og ikkje i sekskanter som det er på mønsteret.

Utsnitt frå broderiet som er pynta med knapper og perler
http://www.northernquilts.no/Northern Quilts
Broderiet er brodert med Aurifil broderigarn, Ein god tråd å sy med

Dette er hjerte nr 2, det også i heilt stoff.

Hjerte nr 3 er sydd i sekskanter men i stadenfor å gøyme sekskantane bak broderiet brukte eg sekskantane på baksida.

Sekskanter klar for sying

Her ser du baksida  av hjerte med sekskanter

Då var dette prosjektet ferdig, eit veldig kjekt prosjekt å holde på med. Ikkje så glad i desse sekskantane men kom no frå det. I dag har eg vaska stoffene til neste prosjekt så iløpet av dagen får eg begynne på det, eg har nok ikkje følgt mønstert heilt men sån nokonlunde.
Det vert nok ei helg med mykje tid på syrommet.
Ønskjer deg som ser innom ei god  og strålande helg

søndag 12. januar 2014

Første prosjekt 2014


Broderiene er broderte av damer i quiltegruppa vår. Eg har sydd det ferdig ellers. Design er Wenche Wolf Hatling i Northern Quilts , Oldemors Fotoalbum. Eit veldig kjekt teppe å sy, vi har då sydd det i desse fargane mens orginal fargane går i rødt og kvitt.  

Broderiene lagt utover

Snart klar for quilting

Er starta med quiltinga

Vi småen alen lange


Blomsterfryd
Ferdig teppe

Teppe er ca 110 x 112 . Teppe skal vere gevinst på Vestlandstreffet som skal vere i Florø helga 10 - 12 oktober 2014. 

  

onsdag 18. desember 2013

Jul utomhus

I dag har eg pynta litt i inngangspartiet , må ha litt jul der og. Granbar syns eg er flott til jul, litt kongler, lykter og julerose. Får håpe det får ligge i fred for vinden, må innrømme at eg hadde syns det hadde vore fint med litt snø no til jul.
Granbar , lykt gammel sinkbalje, krans og masse kongler

Kjekt å kunne ha blomster ute no på denne tid av året, kvit julerose

Julerose

Ein gammel kjelke frå den tid mann min var liten , godt brukt. Denne sinkbaljen som du ser her, liten og rund, brukte foreldra mine til å vaske oppi når eg var lita, litt rart å tenke på, den er ikkje stor og vi var mange heime, 7 stykker. Hadde vi klart oss med det i dag?

Då ynskjer eg alle ei fortsatt god førjulstid , det er nokre dagar att enda.