Det har blitt ein del kos på syrommet dei siste dagane :-) eg har laga strikkevesker til jentene mine :-) dei er begynt å strikke og hekle ein del i det siste så då har eg tenkt at desse plastposane
må vi få vekk, det kan dei ikkje gå rundt med lenger.
No har dei fått kvar si store og gode veske til strikketøyet eller hekletøyet sitt + ei mappe med alt som trengs av tilbehør som pinnemåler, maskemarkører, maskeholder, heklenål osv. Håper dei vil bli flittig brukte. Ein får jo aldri nok av slike vesker til diverse handarbeid så kanskje eg må sy
ei mindre og til litt mindre arbeid, vi får sjå....
|
Eg har valgt å sy dei i lin med ein tynn vatt og for. |
|
Frihåndsquilta og applikerte |
|
Mappe til diverse som er kjekt å ha for hånda når ein strikkar eller hekler |
|
Dette er Kjersti si veske og mappe Både veskene og mappene er eigen design |
|
Dette er Kari si veske og mappe |
|
Syns slike mapper som ein kan åpne midt på er veldig grei å finne fram i. |
|
Sauene er det ei god venninne av meg som har teikna til meg i mange variantar, vi får sjå kva det neste blir som skal få sauer på seg. Koselige dyr.
Takk for at du ser innom og det er alltid koselig med kommentara :-) Takk for kommentara på dei forrige innlegga.
Ha ei god kreativ helg!
Klem |