mandag 1. juni 2015

Litt småstrikk

Det har blitt litt små strikk i det siste..... Fikk 3 nøster med bommull/bambusgarn frå ei god venninne med oppfordring til å melde meg på klutealong hos Bittamis Design og det gjorde eg. Alongen begynne 6 juni men vi fikk ein såkalt venteklut og då måtte eg jo strikke den.  Strikking er ikkje mi sterke side men eg starta og her er første kluten 

Nydelig mønster 

Her er klut nr 2 og eg gleder meg til neste mønster. Veldig mjukt og godt garn.
Takk Solveig for tråden og oppfordringa. 

Har aldri likt å strikke sokkar men no er det og vorte kjekt.... desse er inspirert av fårelestane som eg strikka tidlegare.
Her har eg brukt Fabel garn frå Drops .Kjekt med slik tråd som lagar mønsteret sjølv.

Her er enda ein variant

Då ynskjer eg alle som er innom ei god kreativ veke og legg gjerne igjen ein  kommentar, det varma .

Klem frå meg 

3 kommentarer:

  1. Så bra Laila👏. Eg og har meldt meg på...... Kanskje... kansje ikkje.... Har pinna og garn klar😄. Fine sokkar

    SvarSlett
  2. Smilefjesa vart litt "rare" i sist kommentar

    SvarSlett
  3. Fine kluter med så fint mønster! Kjekt å få ei slik oppfordring med garn til prosjektet. Tynne ullsokker er supert i bruk:)

    SvarSlett