mandag 22. juni 2015

Kos på syrommet

Visst det er noko som heiter mappefeber så har visst eg fått det........ har kosa meg på syrommet og det har blitt mange mapper etterkvart, men dei er gode å ha til mangt og mykje. 

Mønsteret til desse mappene har eg laga sjølv ved å plukke litt her og litt der.  Det som er mitt må vel vere størrelsen på mappa og fargane. 

Kjekt med litt forskjellige farger

Har alltid bruk for ei mappe enten ein  treng den sjølv  eller kanskje til ei gåve

Plastposer til handarbeidet er ut derfor treng vi mappe

Ein litt enklare variant

Fargerik 

Så blei det ei veske frå AnnaKa sitt mønster Annas toalettmappe. Veldig kjekk å sy denne her.

Det var litt av det eg har sydd dei siste 14 dagane.

Ei god kreativ veke til deg som er innom.

1 kommentar:

  1. Så fine! Såg jillt ut med mappefeber :) no er me i Bergen ...., eg gler meg til neste tur oppover

    SvarSlett